Del

Klima 2-2008

Luftkondisjonering i Singapore

Energibruk i bygg er ei svært viktig kjelde til klimagassutslepp. Singapore er ein liten tropisk bystat som bruker mykje energi for å kjøle ned bygg som i utgangspunktet er meint for kaldare klima.

Av Elisabeth Helseth

Ifølgje FN sitt miljøprogram (UNEP) kan redusert og meir effektiv bruk av energi i bygningar spela ei nøkkelrolle i kampen mot global oppvarming. Dette er noko som vart vektlagt i rapporten «Buildings and Climate Change» i 2007. Rapporten viser også at hovudmengda av energibruk i ein bygning ikkje finn stad under konstruksjon av bygget, men derimot i den perioden bygget er i bruk.

Eksplosiv auke i luftkondisjonering

Singapore er ein liten tropisk bystat like ved ekvator. Landet har ikkje distinkte årstider og temperaturen ligg mellom 23 og 34 °C, medan gjennomsnittleg relativ luftfukt ligg så høgt som 84 prosent. Luftkondisjonering gjer det mogleg å nedkjøle samt regulere fuktnivået i lufta, noko som har gjort denne teknologien svært populær i Singapore. Sidan 60-talet har bruk av luftkondisjonering i dette vesle landet nærmast eksplodert. Det er yttarst få offentlege bygg som ikkje er luftkondisjonerte og denne teknologien blir stadig meir vanleg i folk sine heimar. I 1988 var luftkondisjonering instal­lert i heimen til 19,4 prosent av innbyggjarane, eit tal som i 2003 hadde auka til 72 prosent.
 
Energien som blir brukt til elektrisitet i Singa­pore, blir utvunnen frå fossilt brennstoff som blir frakta inn frå andre land. Bruk av straum og elektrisitet i Singapore medverkar slik i stor grad til utslepp av CO2 i atmosfæren. Projeksjonar frå Public Utilities Board i Singapore viste at landets totale elektrisitetsforbruk ville auka frå 25.858 gigawattimar i1998 til 41.017 gigawattimar i 2007. Det blir rekna at mellom 30 og 50 prosent av energibruken i offentlege bygg går til luftkondisjonering. Ein anna miljøtrussel i samband med luftkondisjonering er bruk av HKFK-gassar. Denne svært potente klimagassen er som følgje av Montreal-protokollen no inne i ein utfasingsperiode.

Detaljstyrt byplanlegging

Byplanlegging og -utvikling i Singapore kan sjåast som resultat av ein kontrollert og detaljstyrt pro­sess leia av eit politisk parti, Peoples Action Party (PAP), som har hatt makta sidan 1959. Særleg blir tidlegare statsminister Lee Kuan Yew sett på som meisterhjernen bak det moderne Singapore. Det er allment kjent at han er svært glad i luftkondisjonering, og han har blant anna peika ut air-conditioning til «århundrets oppfinning».
 
PAP blir møtt med delte syn i verdsamfunnet. Dei har blitt skylda for å skapa ein diktaturstat der myndigheitene har for stor kontroll og makt over det sivile samfunnet. Samstundes møter partiet lovord for å stå bak ein sterk vekst i økonomien og velferd for innbyggjarane. Mange singaporarar verkar då også nøgde med sin auka levestandard og kjøpekraft. Det er verdt å merka seg at Singapore ofte blir presentert som eit ideal for mange andre asiatiske statar, som følgje av økonomisk vekst, samt at det er eit multikulturelt samfunn med stor grad av fred og orden.
 
Det urbane landskapet i Singapore har sidan 1960-talet blitt bygd opp med fokus på produksjon og effektivitet, ei utbygging der vestlege modellar for arkitektur har spela ei dominerande rolle. Dette har i mange tilfelle ført til bruk av bygningsdesign utvikla med tanke på meir tempererte og ikkje-tropiske klima. Ser ein litt tilbake i historia, viser det seg derimot at byens utvikling kunne ha tatt ei anna retning. Sidan slutten av 60-talet har nokre arkitektar og planleggarar tatt til orde for å satsa på meir berekraftig arkitektur, tenkt for eit tropisk klima. Tay Kheng Soon og hans firma Akitek Tenggara har argumentert for at ein ikkje nødvendigvis treng å «kjempa mot elementa» Men desse alternative tankane vart oppfatta som for radikale og politisk utfordrande, og fekk slik lite å seia for utbygginga av bystaten.

Berekraftig arkitektur

Singaporske myndigheiter har dei siste åra, i takt med endringar i verdsamfunnet, styrka sitt miljøvenlege fokus. Det kan synast som om ein no begynner å innsjå at berekraftig arkitektur er viktig, noko som kjem til uttrykk gjennom at nokon av dei nyaste bygga er konstruerte meir i samspel med det tropiske klimaet. I 2005 starta myndigheitene utdelinga av eit «Green Mark», ein pris som skal gå til miljøvenlege bygg. Samstundes fremjast prestisjeprosjekt, slik som eit «nullutslepps-bygg» som skal stå klart i 2009.
 
Landet har også ein av verdas strengaste reguleringar på biltrafikk og image som hageby, der velkontrollerte grøntareal er ein viktig del av bybiletet. At Singapore ikkje har særlege naturressursar å ta av, set landet i ein sårbar posisjon og gjer at dei er positive til satsing på alternative energikjelder som solenergi. Likevel er det eit uunngåeleg dilemma at den intense bruken av luftkondisjonering kjem til å bli ein av dei største energiutfordringane i framtida.
 
Singapore er langt frå åleine i sin forkjærleik til luftkondisjonering, sjølv om dei utmerkar seg gjennom svært intensiv bruk. Denne teknologien, som lenge har vært svært utbreidd i USA, har spreidd seg fort i mange andre verdsdelar. Til og med i Noreg brukar me i større grad air-conditioning til nedkjøling på varme sommardagar. Men det bør rettast fokus mot at vårt aukande behov for kontroll av inneklima bidrar til endringar i klimaet utandørs.

Sist oppdatert: 17.04.2008

LUFTKONDENSJONERING. Air-conditioning kondenserer på baksida av husa i turistområdet Boat Quay. Foto: Elisabeth HelsethLUFTKONDENSJONERING. Air-conditioning kondenserer på baksida av husa i turistområdet Boat Quay. Foto: Elisabeth Helseth

Luftkondisjonering

«Med tanke på Singapores tropiske klima, er det ikkje overraskande at behovet for luftkondisjonering utgjer ein stor del av etterspurnaden etter elektrisitet. Vi ventar at stigande temperaturar vil auke denne etterspurnaden. Det er vitterleg slik at mesteparten av det kommersielle og institusjonelle energiforbruket går til luftkondisjonering og lys.»
Den singaporske regjeringa, 2007

ELISABETH HELSETH Masterstudent Senter for utvikling og miljø
CICERO
CICERO Senter for klimaforskning Pb. 1129 Blindern, 0318 Oslo
Besøksadresse: Gaustadalléen 21, 0349 OSLO
Ansvarlig redaktør:
Tove Kolset
Nettredaktør:
Petter Haugneland
Tlf:
22 85 87 50
E-post:
admin@cicero.uio.no