Bookmark and share

Klima 5-2010

Grønt og gåtefullt

At skog tar opp CO2, lærer vi allereie på barneskulen. Men fotosyntesen er framleis ei gåte for forskarane.

Det kan høyrest enkelt ut, men kor mykje CO2 som er blitt tatt opp og lagra i verdas skogar fram til no, har ingen forskarar eit sikkert svar på. Og enda fjernare frå eit svar er forskarane når ein ser framover: Kor mykje CO2 vil skogen og jordsmonnet lagre i framtida, når det blir varmare? 

Desse spørsmåla blir viktige når ein skal forsøke å danne seg eit bilete av kor varmt det blir i framtida. Ein reknar med at havet og vegetasjonen har tatt opp om lag halvparten av dei menneskeskapte CO2-utsleppa fram til no, sjølv om ingen tør setje to strekar under svaret. Men dersom naturen si evne til å ta opp og lagre CO2 skulle bli svekka i eit varmare klima, kan dette bety at det blir enda varmare enn scenaria har skissert.
– Forsking som er blitt gjort til no, tyder på at naturen si evne til å lagre CO2 svekkast når temperaturen stig, seier forskar Maria Malene Kvalevåg ved CICERO Senter for klimaforskning.

Omvendt fotosyntese?
Ein er mest sikker på dette når det gjeld havet: Her er det mykje forsking som tyder på at lagringsevna vil svekkast. Men karbonopptak og -lagring i vegetasjon og i jordsmonn er forskarane svært usikre på. I 2006 presenterte forskarane Friedlingstein og kollegaer ein studie med 11 ulike scenario for opptak i hav og på land i år 2100. I de fleste scenaria vil biosfæren, altså vegetasjon og jordsmonn, halde fram med å ta opp CO2 i dette århundret samtidig som konsentrasjonen av CO2 stig i atmosfæren. To av scenaria skilte seg ut: Her gjekk vegetasjonen frå å ta opp CO2 til faktisk å sleppe ut CO2.
– Nokre forskarar meiner at der er ei mulegheit for at vegetasjonen blir metta og at han dermed går over til å bli ei kjelde til CO2. Men spreiinga mellom scenaria er veldig stor. Dei mest dramatiske scenaria er nok mindre sannsynlege, seier Kvalevåg.
I prosjektet «CarboSeason» skal Kvalevåg, saman med kollega Gunnar Myhre ved CICERO og prosjektleiar Christoph Heinze ved Universitetet i Bergen, forsøke å komme nærmare svaret. Medan CICERO studerer vegetasjonen, ser Heinze på havet.
– Når vi veit meir, vil vi legge dette inn i klima-modellar. Dess mindre CO2 som blir tatt opp av naturen, dess meir blir verande i atmosfæren og dess meir ventar vi at temperaturen vil stige, seier Kvalevåg.

Bladstorleik og sesong
Fleire faktorar påverkar CO2-opptaket, og alle desse faktorane medverkar til å skape den usikkerheita som finst. For eksempel vil meteorologiske data kunne seie noko om kor fort skogen veks og korleis vegetasjonen blir i framtida. Samtidig tar enkelte plantar opp meir CO2 enn andre. Plantar med store blad tar generelt opp meir CO2 enn plantar med små blad. 
I vår del av verda varierer CO2-opptaket mellom sesongane. Den nordlege halvkula har ein lang vinter der vegetasjonen tar opp lite CO2, men om sommaren er opptaket større. Prosjektet CarboSeason skal mellom anna prøve å kartleggje kor store forskjellane mellom sommar og vinter er.

Tropiske skogar
Skogområde i tropane er svært viktige for CO2-opptaket, både fordi områda er store, fordi CO2-opptaket er nokså likt heile året og fordi blada på trea gjerne er større enn i nordlege strøk.
Delar av desse skogane er trua. Kor stor skogshogsten vil bli i åra framover, er også ein faktor som vil påverke det globale CO2-opptaket i skog.
– Skogen i Amazonas står for 15 prosent av den globale fotosyntesen. Endringar i dei tropiske skogane vil påverke det globale opptaket av CO2 i biosfæren. Viss vi klarer å modellere dette opptaket betre, vil vi kunne minske usikkerheita om kor store dei framtidige klimaendringane vil bli, seier Maria Malene Kvalevåg.


Ei usikker framtid
Kor varmt det blir i framtida, er usikkert. Éi av årsakene er manglande kunnskap om CO2-opptaket i naturen. Ei anna årsak er at ein ikkje veit kor store dei framtidige utsleppa blir.

Globale CO2-utslepp gjekk i 2009 ned for første gong på ti år, ifølgje ny forsking av Gunnar Myhre og medforfattarar. Årsaka var den globale finanskrisa. Men sjølv om globale utslepp gjekk ned, gjekk utsleppa i Kina og India opp med høvesvis 9 og 6 prosent. Forskar Glen Peters ved CICERO Senter for klimaforskning forklarer utsleppsveksten med storstilte investeringar i infrastruktur og eksportproduksjon.
– Når Kina investerer i vegar eller bygningar, gir dette store utslepp, seier Peters – og viser til at sement- og stålindustrien er svært utsleppintensive.
Gunnar Myhre og kollegaer presenterte i 2009 fleire scenario for utslepp i år 2100. Utsleppsscenaria spenner frå fem gigatonn karbon årleg til 30 millionar. I dag er dei globale karbonutsleppa årleg på om lag 8,7 gigatonn.
– Det er fleire årsaker til at vi har eit stort spenn i utsleppsscenaria, seier forskar Maria Malene Kvalevåg ved CICERO.
– Vi veit ikkje korleis teknologien vil utvikle seg, og vi veit ikkje kva energikjelder vi vil bruke i framtida. Vi veit heller ikkje korleis folkeveksten blir.
I to av scenaria ser ein for seg at folkeveksten held fram også etter 2050. Utsleppa stig då kraftig.
Dei fire andre scenaria legg til grunn at folkeveksten avtar etter 2050, og då minskar også CO2-utsleppa. I to av desse scenaria ser ein også føre seg ei stor endring i teknologi og energikjelder. I desse scenaria blir utsleppa i 2100 lågare enn i dag.

Last updated: 18.10.2010

FOTOSYNTESEN. Vil vegetasjon og jordsmonn halde fram med å ta opp CO<sub>2</sub> i dette århundret når konsentrasjonen av CO<sub>2</sub>
stig i atmosfæren – eller blir vegetasjonen metta?<br>
Foto: ShutterstockFOTOSYNTESEN. Vil vegetasjon og jordsmonn halde fram med å ta opp CO2 i dette århundret når konsentrasjonen av CO2 stig i atmosfæren – eller blir vegetasjonen metta?
Foto: Shutterstock
CICERO
CICERO, P.O. Box. 1129 Blindern,
N-0318 Oslo, NORWAY
Visiting adress: Gaustadalléen 21, 0349 OSLO
Editor:
Christian Bjørnæs
Web editor:
Eilif Ursin Reed
Phone:
+47 22 85 87 50
E-mail:
post@cicero.oslo.no>