CICERO - Senter for klimaforskning
EN
Meny
Forskningsområder
Klimafinans Lokale løsninger Energi Kina Internasjonal klimapolitikk Arktis Mat og skog
- Eg hadde rett og slett lyst til å gi folk moglegheita til å følgje ei samanhengande historie, dersom dei var villige til å investere dei 137 minutta det tok å komme gjennom ho, seier Bjørn Samset. Foto: kristin halvorsen

- Eg hadde rett og slett lyst til å gi folk moglegheita til å følgje ei samanhengande historie, dersom dei var villige til å investere dei 137 minutta det tok å komme gjennom ho, seier Bjørn Samset. Foto: kristin halvorsen

Den store klimaforteljinga - på 137 minutt

Klima - Et magasin om klimaforskning fra CICERO

Publisert 28.11.2017

Førre fredag kveld inviterte NRK2 og Realistforeninga ved Universitetet i Oslo til festaften for klima saman med ein mannleg CICERO-forskar og ein kvinneleg TV-kjendis. Postfaktualitet eller ei: Slikt trendar på Twitter.

Heilt i Frank Aarebrot si and: Etter jobb førre fredag tok klimaforskar Bjørn Samset på seg ei strikkajakke og rusla over T-banelina frå Forskingsparken til Blindern (der Universitetet i Oslo ligg).

Utanfor Realfagsbiblioteket traff han TV-kjendis og fysikkeksperimentør Selda Ekiz og radioprogramleiar Torkild Jemterud (alle klimanerdar) - tok seg harkande ein sigarett - og gjekk inn for å halde eit 137 minutt langt føredrag om korleis klimaet har endra seg dei siste 137 åra.

Han fekk hjelp frå både NASA og Bloomberg med å fortelje historia. Kollega Asbjørn Torvanger svarte på spørsmål frå sjåarane undervegs, på Twitter.

Vanskeleg å førestille seg for enkelte, men dette møysommelege føredraget vart vist direkte på statskanalen, i beste sendetid og til eit entusiastisk publikum både på staden og heime i dei tusen sofakrokar.

- Eg hadde rett og slett lyst til å gi folk moglegheita til å følgje ei samanhengande historie, dersom dei var villige til å investere dei 137 minutta det tok å komme gjennom ho, seier Bjørn Samset.

- Målgruppa var rett og slett alle dei som har stilt meg spørsmål gjennom dei siste åra. Etter så å si kvar einaste nyheitssak eg har uttalt meg i (over 560 Google-treff berre siste år, red. anm.) har eg i ettertid fått e-postar der folk gjerne vil ha fleire detaljar, eller dei vil vite kor vidt det nyheiten handlar om heng saman med andre ting dei har høyrd. Eller, endå viktigare: Kva kan dei gjere for klima, og kvifor er det effektivt? 

Så, dersom du er ei av desse, kan du sjå heile festkvelden om igjen, og om igjen.

Og når du har gjort det, kan du tenkje over dette: Klimaet endrar seg, og vil prege resten av liva våre. Vi treng alle å ha ein viss oversikt over kva som skjer for å kunne forholde oss til det.

- Ingen veit akkurat kvar historia sluttar, difor må ho forteljast igjen og igjen, seier Samset.