CICERO - Senter for klimaforskning
EN
Meny
Forskningsområder
klimafinans Lokale løsninger Energi Kina Internasjonal klimapolitikk Arktis Mat og skog
kvitbjørnen har for lengst utspelt si rolle som bodbringar for klima. foto: valerle/flickr

kvitbjørnen har for lengst utspelt si rolle som bodbringar for klima. foto: valerle/flickr

Du levande daude

Klima - Et magasin om klimaforskning fra CICERO

Publisert 13.05.2015

Korleis vekkje til live ord og historier om klima?

Klimaendringane er blitt ei større kjelde til uro blant nordmenn flest, no også dei yngste og eldste av oss, skal vi tru Klimabarometeret 2015. Samstundes stig klimagassutsleppa jamt og trutt slik dei har gjort det sidan den industrielle revolusjonen.

Å underleggjere

Ignorerer vi klimasaka fordi språket om ho er blitt for daglegdags eller for teknisk? Kan betre språkbruk puste nytt liv i saka?

I så fall må vi gjere klimaspråket meir synleg. Vi må gjere den velprøvde klimavitskapen om til ord og historier folk stoppar å scrolle for.
 

Eitt grep kan vere å få folk til å sjå ting på nytt. Fortelje med ferske ord. Framandgjere det velkjende, slik kunstnarane prøvar på. Ein må heldigvis ikkje vere kunstnar for å underleggjere, men ein kan lære av dei, av diktarane til dømes.

I don’t even call it climate change. I call it the everything change. It’s a change of everything.
margaret atwood

Diktarane strevar etter å bruke språket på eit slikt vis at betydinga av eit ord eller omgrep ikkje lenger vert oppfatta automatisk. Dei strevar etter å finne ord og språklege bilete som gjer at lesaren må tenkje seg om for å forstå kva diktaren eigentleg meiner. Av og til må lesaren tenkje for lenge, og då skjer ingenting nytt. Andre gongar oppstår magi ved att det gamle, møllspiste ordet står fram og får att sin opphavlege friskheit.

Slik kan språket få tilbake sitt eigenliv.

Det som endrar alt

Ta ordet «klimaendring» til dømes. Den kanadiske forfattaren og miljøaktivisten Margaret Atwood som besøker Oslo og Lillehammer denne veka var inne på noko då ho i eit intervju med Huffington Post i fjor sa: I don’t even call it climate change. I call it the everything change. It’s a change of everything.

Eit anna framifrå døme på framandgjering er måten Meteorologisk institutt og NRK i fjor haust kommenterte FNs klimapanel si oppsummering av siste hovudrapport om klima, den såkalla synteserapporten. Meteorologane, som normalt er nokon lunde sikre på korleis vind og nedbør vil te seg berre dei næraste tre dagane, lagde ei vêrmelding for 2050. Som statskanalen viste på alle flater i beste sendetid same kveld.

Folk hugsar den vêrmeldinga.

CICERO prøvde også å vise kor rar verda kjem til å bli, i klimasimuleringa Global Weirding. Vi baserte oss også på FNs nyaste klimarapportar, men vi fortalde historia heilt fram til 2100. Miljømagasinet Grist var dei som hadde den friskaste vinklinga på vårt grep: Magic disco ball tells you everything you need to know about climate change.

Magic disco ball tells you everything you need to know about climate change.

the grist om CICERos global weirding

Nokre år tidlegare, i 2012 var vi på CICERO så lei av å forklare historia bak FNs klimaforhandlingar på konvensjonelt vis, at vi lagde ein animasjon om forhandlingane sin uuthaldelege lettheit på 83 sekund. Han blei viral.

Raseri og kjærleik

Det blei også filosof Arne Johan Vetlesen, mannen bak det mest leste essayet på nettstaden Harvest. Saka hans er også nettstadens lengste. Korleis skjedde det? Kanskje fordi Vetlesen meistrar å knytte sterke kjensler til saka utan å moralisere, utan å bli banal. Han skriv om foreldreeinsemd, håp, raseri og kjærleik.

Det mest framandgjerande i essayet hans er kanskje dette: Utgangspunktet for teksten er forfattaren Cormac McCarthy sin roman The Road, som skildrar ein far og ein son som forsøker å overleve etter ei omfattande katastrofe i ei verd der det gode har forsvunne. Vetlesen samanliknar seg med faren i historia, han samanliknar sonen sin med sonen i historia og katastrofa i The Road med vår verds potensielle klimakatastrofe.

Begge sonane spør: Kjem det til å gå bra, pappa? Einsemda til fedrane ligg blant anna i dilemmaet om kor vidt dei skal gje sonen realisme eller håp. Vetlesen spør:

«Hvorfor så ensomt? Vel, har du noen gang sett et TV-program som tar opp hvordan vi som er foreldre i dag skal snakke med våre barn om dette temaet? Har noen av våre politiske ledere blitt stilt slike spørsmål?»

Han konkluderer: Vi må bryte ut av einsemda, og vi må gje barna våre noko anna enn håp. Kva skal dei med håp? Vi må gje dei eit raseri drive av kjærleik til alt levande.

Sei det som det er

Den russiske forfattaren Leo Tolstoj skreiv på 1800-talet ei historie fortald frå ein hests perspektiv nettopp for å framandgjere det velkjende kring seg, for å sjå omgjevnadene på nytt.

Kven andre enn ein far og ein son som eksisterer i tida mellom ei byrjande katastrofe og full utfalding av ho kunne vekt interessa for klima, i dag? Forteljinga til ei bie i Kina? Ei soyaavling i Brasil? Ein Lofoten-torsk i Isfjorden på Svalbard? Moder jord sjølv?

Ikkje kvitbjørnen i alle fall. Han er det ikkje mogleg å gjere levande att. Han sym mest i vegen for den moderne klimaforteljinga.

Ei god øving i framandgjering no til dags er vel heller å skaffe seg merksemd på sosiale medium. Twitter med sine 140 teikn per melding kan gje god trening i å seie det ein har på hjartet kort, konsist og kreativt. Der klarar jamvel sindige klimaforskarar å ytre seg underleg. Den danske glasiologen Jason Box sa det som det var. Og blei ein snakkis.