CICERO - Senter for klimaforskning
EN
Meny
Forskningsområder
klimafinans Lokale løsninger Energi Kina Internasjonal klimapolitikk Arktis Mat og skog

Ikkje alt gras er grønt

Klima - Et magasin om klimaforskning fra CICERO

Publisert 19.10.2017

Er biff-appetitten vår ein del av klimaproblemet? Kan det vere løysinga? Ein ny studie kastar nytt lys over den eldgamle diskusjonen om beite og bærekraft.

Debatten har gått føre seg i årevis: Vil ei heilskapleg tilnærming til kjøtfe sitt beite gje oss klimagevinstar? Nokre meiner, ja, til dømes biologen Alan Savory. Han hevdar i ein TED talk at holistisk beitedrift – eller storskala karbonopptak frå beitemark – kan reversere klimaendringane på berre 40 år.

Korleis heng denne påstanden saman med den aksepterte førestillinga om at husdyrindustrien står for om lag 15 prosent av dei menneskeskapte klimagassutsleppa? Er kjøtlysta vår eit klimaproblem, kan ho vere ein del av løysinga, eller er ho litt begge deler? spør CICERO-forskarane Robbie Andrew og Bob van Oort i ein artikkel (klikk på engelsk versjon).

Grazed and Confused, ein omfattande, ny rapport som oppsummerer store deler av forskinga kring husdyrdrift og bærekraft, gir dette enkle svaret:

Drøvtyggande husdyr er ikkje ein del av klimaløysinga.

Norske bønder må innsjå at det ikkje er bærekraftig å auke beiteområda. Det kan vere gode sosiale, kulturelle, biodiversitets-, velferds- og andre argument for å dyrke meir grass til dyrefor – men eit klimatiltak, det er det altså ikkje.

Les heile artikkelen.  

 

Referanser

Publikasjoner