CICERO - Senter for klimaforskning
EN
Meny
Forskningsområder
Klimafinans Lokale løsninger Energi Kina Internasjonal klimapolitikk Arktis Mat og skog
widerø-reisene er ikkje dei verste for klima, med mindre du tek mange av dei, men generelt er nordmenns flyvanar særs dårleg nytt for klima. foto: eilif ursin reed 

widerø-reisene er ikkje dei verste for klima, med mindre du tek mange av dei, men generelt er nordmenns flyvanar særs dårleg nytt for klima. foto: eilif ursin reed 

Reiseglade nordmenn varmar kloden

Klima - Et magasin om klimaforskning fra CICERO

Publisert 10.05.2016

Ny studie viser at nordmenns fly- og bilreiser står for den største oppvarminga, spesielt dei lange reisene.

Studien publisert i det tverrfaglege tidsskriftet Travel Behaviour and Society har sett på klimaeffektar av nordmenns reisevaner. Flyreiser og bilreiser bidrar mest til global oppvarming. 

Lange flyreiser til utlandet

Flyreisene blir vektlagt langt meir i denne studien enn i dei fleste undersøkingar fordi både nordmenns flyreiser i utlandet og den sterkt oppvarmande effekten av kondensstriper er tatt med. Mens nordmenn i 2009 flaug litt oftare innanlands enn utanlands, flyg dei som regel mykje lengre i utlandet. CO2 er den viktigaste bidragsytaren til global oppvarming, men kondensstriper og andre tilleggseffektar nærast doblar klimaavtrykket frå flyging.

CO2 er ein svak klimagass, men til gjengjeld påverkar han klimaet i mange hundre år. Til samanlikning fører kondensstriper og partiklar til svært kraftig oppvarming i den korte perioden dei påverkar atmosfæren. Å samanlikne desse ulike effektane er utfordrande. Studien har sett på ulike måtar og tidshorisontar og fann at flyreisene i dei fleste tilfella påverkar klimaet meir eller like mykje som bilreisene.

Studien kort fortald. Video av Eilif Ursin Reed / CICERO


Mange av reisene våre er korte. Likevel står dei få reisene som er lengre enn 100 km for nesten 70 prosent av den totale klimaeffekten (sjå figur). Flyreisene bidrar til dette ettersom dei i all hovudsak er lange. Du flyr ikkje til matbutikken eller skulen, men på ferie til Syden eller for å besøke familien som bur i ein annan landsdel.

Teknologiske tiltak tar mest tak

Studien har òg sett på foreslått og vedtatt klimapolitikk i Noreg. Dei teknologiske tiltaka vil ha større effekt enn tiltak retta mot reisevaner om dei blir gjennomført. Det største enkelttiltaket er å redusere utslepp frå nye bilar mot 2020 ned til 85 g CO2 per kjørte kilometer, noko som faktisk er i ferd med å bli gjennomført. Til samanlikning vil ei dobling av gå- og sykkelandelen bety langt mindre for klimaet.

Pengane rår

Nordmenn reiser ulikt. Di rikare du er, di meir reiser du og di større klimaeffekt fører det til. Forskjellen mellom fattige og rike er aller størst for flyreiser. Dette fører til at den rikaste femdelen har eit klimaavtrykk som er 240 prosent større enn den fattigaste femdelen. Andre former for kollektivtransport er derimot mest brukt  av dei som tener minst.

Den nye studien brukte reisevaneundersøkinga frå 2009 utført av Transportøkonomisk Institutt. Etter det har veksten i flyreiser vore stor, spesielt for feriereiser til utlandet.

Artikkelforfattarane har tidlegare sett på tyskarar sine reisevaner. Reisemønsteret er ganske likt, men tyskarar køyrer lengre med bil og nordmenn flyg oftare.

Referanser

  • Borgar Aamaas og Glen P. Peters: The climate impact of Norwegians’ travel behavior. Travel behaviour and Society. 2016