- Må iverksetje tiltak
G8-landa vil kutte globale utslepp med 50 prosent eller meir innan 2050.
- For å kunne nå eit slikt mål må ein snart komme i gang med ein effektiv politikk og iverksetje tiltak, seier CICERO-forskar Asbjørn Torvanger.
G8-landa er samde om å jobbe for at globale utslepp skal kuttast med 50 prosent eller meir innan 2050.
G8-gruppa består av verdas åtte leiande industriland: USA, Japan, Russland, Tyskland, Frankrike, Storbritannia, Canada og Italia. Tidlegare har gruppa sagt at ein vil vurdere ei slik målsetjing, men tirsdag kunngjorde dei at dei ønskjer å samarbeide med FN-landa om ei slik målsetjing.
– Vedtaket viser at dei store industrilanda, også USA, tar klimautfordringa alvorleg. Men for å kunne nå eit slikt mål må ein snart komme i gang med ein effektiv politikk og iverksetje tiltak, seier CICERO-forskar
Asbjørn Torvanger.
Han får støtte frå CICERO-direktør Pål Prestrud:
– Vedtaket medverkar til å komme nærmare ein klimaavtale, men det er vanskeleg å seie kor viktig det er så lenge det ikkje er klargjort kva verkemiddel som skal takast i bruk, seier Prestrud til
Aftenposten.
Ifølge Japans statsminister tar G8 utgangspunkt i dagens utslepp, og ikkje 1990-nivå, når dei erklærer ei målsetting om å halvere utsleppa.
– Val av referanseår kan bety mykje for den faktiske storleiken på utsleppskutta, seier Asbjørn Torvanger.
Forsking gjort ved CICERO har vist at globale utsleppskutt må reduserast med heile 80 prosent dersom ein skal ha ein 50 prosent sjanse til å avgrense den globale temperaturauken til 2 grader.
- Les utdrag frå G8s kunngjering her