CICERO - Senter for klimaforskning
EN
Meny
Forskningsområder
Klimafinans Lokale løsninger Energi Kina Internasjonal klimapolitikk Arktis Mat og skog

Å reise er å leve

Klima - Et magasin om klimaforskning fra CICERO

Publisert 29.05.2013

Vår personlege klimarekneskap for transport vert dominert av to køyretøy, fly og bil. Dei lange reisene står for 70 prosent av temperaturauken.

Å reise er noko menneske har gjort til alle tider. I nesten alle tidsepokar og samfunn har den daglege reisetida vore på litt over timen. Slik er det i dag òg, men vi reiser over mykje lengre avstandar. Ettersom føtene er bytta ut med motorkraft, fører reisene i dag til global oppvarming.

Klimaeffekten av norske reisevanar har blitt undersøkt av CICERO. Fly og bil står kvar for 52 prosent og 41 prosent av klimaeffekten (sjå figur). Dermed er kollektivtransport ansvarleg for berre 3 prosent. Vi flyr sjeldan, men når vi først sit på eit fly, så reiser vi langt. Dessutan er fly det mest forureinande av transportmidla per personkilometer. Difor gjev flyturane store bidrag til totalen. Eit fleirtal av alle enkeltreisene og kilometerane er i ein bil. Dermed tar bilkøyringa vår òg ein stor del av kaka. Vi brukar kollektivtransport langt mindre. Dessutan er tog og buss dei mest klimavennlege motoriserte reisealternativa per personkilometer. Då er det ikkje rart at kollektivtransport bidreg til ein så liten del av klimaeffekten. Kvar fjerde reise er til beins eller på sykkel, men bidreg svært lite til det totale reisevolume fordi dette er korte reiser.

Kakediagramma viser reisevanane til gjennomsnittsnordmannen i 2009. Frå venstre til høgre har vi reisene delt opp etter talet på reiser, total lengd på reisene og klimaeffekten av dei.

Kartlagde reisevanar

Desse resultata byggjer på ei grundig reisevaneundersøking Transportøkonomisk institutt (TØI) gjorde i 2009. Alle slags reiser er kartlagde, om det er på veg til jobb, ein tur innom butikken på hjørnet eller helgetur til London. Kvar dag tar vi 3,3 turar. Halvparten av turane er kortare enn 5 kilometer. Formålet med reisene kan grovt sett bli delt opp i tre: Handels- eller servicereiser, fritids- eller besøksreiser og reiser til og frå jobb og skule. Blant dei lange reisene er det mange fritids- og besøksreiser.


Utslepp gjev klimaeffekt

Alle motoriserte reiser fører til utslepp. Her ser vi bort frå at produksjon av syklar gjev utslepp og at auka fysisk aktivitet resulterer i auka matforbruk og dermed auka utslepp. CO2 er den viktigaste klimagassen, men ei rekkje andre gassar og partiklar påverkar òg klimaet. Nokre effektar er langvarige, til dømes for CO2, andre er kortvarige. Dessutan har vi både oppvarmande og avkjølande klimaeffektar. Fly skil seg ut, der oppvarminga frå kondensstriper og fjørskyer danna av kondensstripene er ekstra stor. Ettersom denne indirekte effekten er kortvarig, er det vanskeleg å samanlikne med den langvarige oppvarminga frå CO2. Likevel seier ein tommelfingerregel at denne indirekte effekten gir omtrent like stor oppvarming som CO2.

Korleis dei ulike klimaeffektane blir vekta mot kvarandre, finst det ingen fasit for. I denne studien er det velkjende togradersmålet brukt som grunnlag for vekting. Det vil seie at vi vekter ulike utslepp framover i tid relativt til ein global temperaturendring om 50 år. Mange studiar har samanlikna utslepp frå ulike køyretøy før, men svært få har sett på kva temperaturendringar desse utsleppa faktisk fører til. Andre måtar å vekte på vil gje litt andre resultat. Om vi berre reknar med CO2 og ignorerer alle andre klimaeffektar, vil bilreiser stå for 59 prosent og flyreiser for 31 prosent. Difor kan eg ikkje bastant hevde at nordmenns reiser med fly gjev større oppvarming enn med bil, men eg kan slå fast at dei har omtrent like stor effekt og dominerer over alle andre køyretøy. Dessutan er det ingen tvil om at dei lange reisene bidreg mest.

«Frå byen det berer»

Slik opnar Aasmund O. Vinje si reisedagbok «Ferdaminni fraa sommaren 1860». Å reise, både kort og langt, men helst langt, har mange sansen for. Det er å oppleve og ein del av det vi kan kalle danning. Ikkje rart at norske forfattarar i dag òg skriv om reiser, til dømes Tomas Espedal i romanen «Gå». Sjølv om Espedal legg ut om gåturar i fjerne strøk, så startar oftast desse lange turane i dag med eit fly.

Dei reisene som er lengre enn 100 km, bidreg med 70 prosent av den totale klimaeffekten. Årsaka er at kvar enkelt lange reise bidreg med mange kilometer og ofte er med fly. I tillegg har fly i overkant av dobbelt så stor klimaeffekt som bil per personkilometer. Ein gjennomsnittsnordmann flaug fire gongar i 2009, der ein tur-retur svarar til to reiser. Vi flyg stadig oftare, med størst vekst i feriereiser til utlandet.


Dei nødvendige reisene

Mange av desse lange reisene er strengt tatt ikkje nødvendige. Derimot må vi ha pengar på konto og dagleg brød, slik at kvardagslege reiser til jobb og butikk er heilt nødvendige reiser. Mange av desse reisene er korte. Sjølv om mange av dei aller kortaste reisene går til fots eller på sykkel, står bilkøyring for dei fleste kilometerane på reiser kortare enn fem kilometer.

It’s all about the money

Reisene er skeivt fordelet. Ein relativt stor del av befolkninga flyg aldri eller sjeldan, mens ei lita gruppe flyg svært ofte. Ein viktig faktor er inntekt. Om du doblar inntekta di, så flyg du i gjennomsnitt 170 prosent lengre. Dermed kan flyging kallast eit «luksusgode». Tilsvarande aukar køyrelengda i bil med litt over 40 prosent med dobling av inntekt. Difor vert bilkjøring definert som eit «normalt gode», på linje med mange andre typer gode. Buss og tog slår ut andre vegen, der auka inntekt faktisk fører til litt mindre bruk av kollektivtransport. Då kan buss og tog kallast eit «mindreverdig gode». Årsaka er blant anna at studentar er dei flinkaste til å bruke kollektivtransport, ettersom dei ofte ikkje har råd til å ha bil. Av det totale reisevolumet går 36 prosent til kollektivtransport for studentane, mot 8 prosent for gjennomsnittsnordmannen. Vi har gjennom mange tiår blitt stadig rikare. Difor er det ei utfordring å gjennomføre eventuelle utsleppskutt ved å få stadig rikare nordmenn til å droppe alle flyturane sine og reise meir med kollektivtransport.

Klimatiltak

Om vi skal kutte i utslepp frå transportsektoren, så er eit naturleg fokus dei områda som bidreg mest til temperaturstigninga. Då står vi att med to køyretøy, fly og bil. I tillegg er dei lange reisene svært viktige. For kvar lange flytur vi droppar, minskar det totale klimafotavtrykket frå oss kraftig. Dessutan vil ein overgang av reiser i bil til reiser til fots, på sykkel, med kollektivtransport eller klimavennlege bilar bidra.

Vi kan ikkje unngå å reise. Difor vil vi reise mil etter mil i framtida òg, men vi kan prøve å gjere desse reisene så klimavennlege og korte som mogleg.